Skriv ut Legg til bokmerke
Ragnhild Skoftesdatter Giske

Ragnhild Skoftesdatter Giske[1, 2]

Kvinne 1097 - Ja, ukjent dato
Person ID: I11703   |  Sist endret: 1 Aug 2017
   Has more than 100 ancestors and 20 descendants in this family tree.

Personlig informasjon    |    Notater    |    Hendelseskart    |    Alle    |    PDF
Date/Place spacing for
  • Navn Ragnhild Skoftesdatter Giske
    Slektskapwith Erik Holmberg
    Fødsel
    1097
    Giske, Møre Og Romsdal, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet [2]
    Død
    Ja, ukjent dato
  • Foreldre

    Famile ID: F53841 Gruppeskjema  |  Familiediagram  
    Far Skofte Ogmundsson Giske (ID:I11691) (Alder 63)
    f. 1040, Giske, Møre Og Romsdal, NorgeFinn alle personer med hendelser på dette stedet
    d. 1103, Rome, ItalyFinn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 63)
    Mor Ukjent (ID:I514)
      d. Ja, ukjent dato
  • Familie 1

    Famile ID: F52712 Gruppeskjema  |  Familiediagram  |  Sist endret: 1 Aug 2017  
    Mann 1 Dag Eilivsson Bratsberg (ID:I11655) (Alder 60)
    f. 1075, NorgeFinn alle personer med hendelser på dette stedet
    d. 1135 (Alder 60)
    Barn 
    + 1. MannVatnorm Dagsson Bratsberg (ID:I11654)
    f. 1110
      d. Ja, ukjent dato  [Far: fødsel]  [Mor: fødsel]
      2. KvinneBorghild Dagsdatter (ID:I11650)
    f. ansl 1115, NorgeFinn alle personer med hendelser på dette stedet
    d. Ja, ukjent dato  [Far: fødsel]  [Mor: fødsel]
      3. KvinneBaugeid Dagsdatter (ID:I11649)
    f. ansl 1120, NorgeFinn alle personer med hendelser på dette stedet
    d. Ja, ukjent dato  [Far: fødsel]  [Mor: fødsel]
      4. KvinneSigrid Dagsdatter (ID:I11652)
    f. ansl 1122, NorgeFinn alle personer med hendelser på dette stedet
    d. Ja, ukjent dato  [Far: fødsel]  [Mor: fødsel]
      5. KvinneGyrid Dagsdatter (ID:I11651)
    f. ansl 1125, NorgeFinn alle personer med hendelser på dette stedet
    d. Ja, ukjent dato  [Far: fødsel]  [Mor: fødsel]
    + 6. MannGregorius Dagsson Bratsberg (ID:I11653) (Alder 33)
    f. ansl 1128, Bratsberg, Gjerpen, Telemark, NorwayFinn alle personer med hendelser på dette stedet
    d. 1161 (Alder 33)  [Far: fødsel]  [Mor: fødsel]

    Familie 2

    Famile ID: F53130 Gruppeskjema  |  Familiediagram  |  Sist endret: 27 Jun 2017  
    Mann 2 Åsulf Guttormsson Rein (ID:I11667)
    f. ansl 1095, Rein, Rissa, Sør-Trondelag, NorwayFinn alle personer med hendelser på dette stedet
    d. Ja, ukjent dato
    Barn 
    + 1. KvinneTorbjørg Åsulfsdatter Rein (ID:I11635)
    f. ansl 1130, Rein, Rissa, Sør-Trondelag, NorwayFinn alle personer med hendelser på dette stedet
    d. Ja, ukjent dato  [Far: fødsel]  [Mor: fødsel]
    Date/Place spacing for
  • Hendelseskart

    Link til Google MapsFødsel - 1097 - Giske, Møre Og Romsdal, Norge Link til Google Earth
     = Link til Google Earth 
    • Ragnhild Skoftesdatter
      Ektefelle: Dag Eilivsson
      Far: Skofte Ogmundsson
      Barn: Gregorius Dagsson, Baugeid Dagsdatter
      Ragnhild Skoftesdatter Giske (født før 1103 –) var en norsk høvdingehustru.
      Hun var datter av lendmann Skofte Ogmundsson (ca. 1040–1103) av den mektige Giskeætten på Sunnmøre. Hun ble gift med lendmann fra Viken Dag Eilivsson, og paret bosatte seg formentlig på Bratsberg i Telemark.[1]
      Paret hadde flere barn, hvorav Ragnhild ikke var mor til dem alle:[1]
      Borghild Dagsdatter, gift med Kåre kongsbror
      Vatnorm Dagsson, senere leder av kong Inges hær
      Gregorius Dagsson, kong Inges nærmeste medarbieder
      Sigrid Dagsdatter, gift med Gyrd Åmundsson
      Baugeid Dagsdatter, abedisse i Gimsøy kloster[2]
      Referanser
      1. a b Brathetland, Bente Opheim: Ragnhild Skoftesdotter. I Norsk biografisk leksikon. Besøkt 2. november 2016
      2. Uthaug, Hjalmar Gaarder: Austråts saga : historiske fortellinger om en av Norges mest berømte storgårder, 1975, s. 49 [3]
    • Ragnhild Skoftesdotter
      Høvdinghustru
      LEVETID - KOMMENTAR
      Fødd før 1103; nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjende; Dødsår og -stad er ikkje kjende
      Høvdinghustru. Foreldre: Lendmann Skofte Ogmundsson (ca. 1040–1103); moras namn er ikkje kjent. Gift med lendmann Dag Eilivsson (sjå NBL1, bd. 3). Sonesons dotter til Torberg Arnesson (død ca. 1050); mor til Gregorius Dagsson (død 1161).
      Ragnhild Skoftesdotter er ei av dei mange viktige, men nærast “usynlege” kvinnene i det politiske landskapet på 1100-talet. Som så mange andre kvinner i sagalitteraturen er Ragnhild fyrst og fremst nemnt som dotter, ektefelle og mor til fleire innflytelsesrike stormenn, men historien hennar synleggjer også kvinners makt og innverknad på det politiske livet i mellomalderen.
      Ragnhild høyrde til den mektige Giskeætta på Sunnmøre; faren var lendmann på Giske på slutten av 1000-talet. Han var gift med Gudrun Tordsdotter, men det er uvisst om Gudrun var mor til Ragnhild. Ragnhild blir nemleg ikkje nemnt mellom deira felles born, og ho kan såleis ha vore fødd utanfor ekteskap. Denne påstanden blir styrka av opplysningar om at Ragnhild hadde ei syster, Gyda. Denne systera blir aldri kopla til Skofte eller Giskeætta på noko slag måte, anna enn som Ragnhilds syster.
      Ragnhild vart gift med Dag Eilivsson, lendmann frå Viken. Dei var truleg busette på garden Bratsberg i Telemark. Sagaene opplyser at Dag hadde 6 born: to gutar, Vatnorm og Gregorius, og fire jenter – Baugeid, Borghild, Sigrid og Gyrid. Ragnhild var nok ikkje mor til alle Dag sine born. Ut frå alderen på den eldste guten, Vatnorm, er det tvilsamt om Ragnhild kan ha vore mora hans. Gregorius var derimot eit felles barn av Ragnhild og Dag, og det er nettopp denne sonen og hans politiske rolle som kastar lys over Ragnhilds posisjon.
      Ágrip og Morkinskinna inneheld ei historie, eller “tått”, der m.a. Ragnhild og syster hennar, Gyda, er viktige aktørar. Historia tek utgangspunkt i ein konflikt mellom Gyda og naboen hennar, Geirstein. Etter lengre tids fiendskap vart Geirstein drepen av Gydas arbeidskar, og ho sende han frå garden i all hast for å verne han mot dei to sønene til Geirstein. Dei var nemleg hirdmenn hos kong Sigurd Munn, og dottera til Geirstein var kongen si frille. Mot slike mektige fiendar vende Gyda seg til systera og til systersonen Gregorius med bønn om hjelp. Gregorius ville fyrst ikkje ha noko å gjere med heile saka, og hevda at han ikkje var kar til å sloss mot kong Sigurd. Men Ragnhild pressa på og kravde handling – for å hemne uretten mot frendane deira, og for at Gregorius skulle vise kva han dugde til. Det enda med at ho fekk det som ho ville.
      Historia om Gyda, Ragnhild og Gregorius, som elles kan synast lausriven og triviell, har ein heilt klar funksjon i sagaen. Den er ei opptakt til, og ei forklaring på, fiendskapen mellom kong Harald Gilles søner, som braut ut i 1150-åra, og på Gregorius' lojalitet overfor kong Inge. Som andre “eggande” kvinner i sagaene, blir Ragnhild gjort til formidlar av normer og ideal – sosiale forventningar til Gregorius. Samstundes illustrerer historia eit politisk handlingsrom for kvinner som ofte blir underslått i litteraturen. Politikk gjekk ikkje sjeldan føre seg i heimen, på ein arena der Ragnhild og andre kvinner kunne ha stor innverknad på avgjerslene.
      Det var ikkje berre Vatnorm og Gregorius i Ragnhilds familie som utmerka seg blant eliten på 1100-talet. Av døtrene vart Borghild gift med Kåre på Austrått, Sigrid med Halldor på Vetteland i Ranrike og Gyrid med Gyrd Åmundesson, fosterbror til kong Inge. Baugeid gjekk i kyrkja si teneste og vart abbedisse for Gimsøy kloster.
      Kilder og litteratur
      Fagrskinna, utg. ved Finnur Jónsson, København 1932
      HKr., oms. av F. Hødnebø og H. Magerøy, Noregs kongesoger, bd. 3, 1979
      Morkinskinna, utg. ved Finnur Jónsson, København 1902–03
      NFH, bd. 6, 1857/1943
      S. Bagge: “Mann og kvinne i Heimskringla”, i B. Sellevold (red.): Fokus på kvinner i middelalderkilder, Skara 1992
      C. M. Nordal: Kvinner og politikk i borgerkrigstiden, h.oppg. UiB, Bergen 1998
      B. Opheim: Med stønad frå frender og vener. Slektskap og venskap som partidannande faktorer i den norske innbyrdesstriden 1130–1208, h.oppg. UiB, Bergen 1998
      [4]
  • Kildereferanser

  • Kilder (Log in)  Kilder (Log in)


    Sidene drives av The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.5, skrevet av Darrin Lythgoe © 2001-2024.

    Redigert av Jan Roger Holmberg. | Retningslinjer for personvern.